Totaltberedskapskurs
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, saman med HV-11 og Møre og Romsdal politidistrikt, inviterer toppleiarar i fylket til eit unikt kurs i totalberedskap mandag 27. mai til fredag 31. mai 2024.Dato | 27.Mai kl. 00:00 - 31.Mai kl. 23:59 |
---|---|
Sted | Setnesmoen, Rauma |
Tidspunkt: | 27.-31. mai 2024 |
Sted: | Setnesmoen |
Pris: | kr 1.700,- |
Totalberedskapskommisjonens rapport heiter; ”Nå er det alvor” Det utfordrer oss til å vere årvåkne, auke kriseforståinga og heve kompetansen hos toppleiarar i Møre og Romsdal.
Sjå programmet her
Forstå di tid og rust deg for ei usikker framtid
Vi skal bygge totalberedskapen. Med eit historisk tilbakeblikk legger vi grunnlaget for å forstå notida og møte framtidas utfordringar.
Deltakarane vil få nyttig kunnskap om sikkerheit og beredskap på nasjonalt, regional og lokaltnivå. Vi legg opp til å styrkje samarbeidet mellom dei ulike deltakarane og dei ulike aktørane ivårt fylke. Kurset vil derfor ha deltakarar frå ulike sektorar.
Totalberedskapskurset vil gje kunnskap om vår tids utfordringar, eit solid historisk bakteppe,innblikk i korleis totalforsvaret fungerer, og korleis du som leiar kan bidra inn i totalforsvaret.
Vi vil sette Møre og Romsdal inn i den tryggingspolitiske situasjonen. Vi avsluttar kurset med ei øving.
Læringsmål
Kurset skal styrke samarbeid i fylket på tvers av sektorar, og auke vår kriseforståing og motstandskraft. Alle innleiarar er utfordra på å relatere sine tema til Møre og Romsdal. Det er forventa at kursdeltakarane deltek på heile kurset.
• Konkrete råd til kvardagen som leiar
• Auka kriseforståing og innsikt i krisespekteret
• Historisk oversikt og kjennskap til korleis historia påverkar vår tid
• God kjennskap til Møre og Romsdal og totalberedskapsarbeidet
• Samfunnsendringar og trendar
• Kjennskap til forsvarskommisjonen og totalberedskapskommisjonen sitt arbeid
• Innsikt i den politiske prioriteringa knytt til langtidsplanen for Forsvaret
Påmelding HER